Fordjupningsoppgåve om Kurt blir grusom
SPØRSMÅL: "Hei, eg skal ta norsk munnleg som privatist dette semesteret. Eg har lyst å skrive oppgåva om "Kurt blir grusom", fra bok til film. Har de nokre tips til problemstilling eller påstandar eg kan basere oppgåva på?"
SVAR: Hei, og takk for spørsmålet! Eg har korkje sett filmen eller lese boka, men vonar svaret kan duge likevel.
Film og bok er to ulike medium, kvar med sitt særpreg. Filmen er basert på to bøker av Erlend Loe. I prosessen med å gjere to bøker (Kurt blir grusom og Kurt Quo Vadis) til ein film må filmskaparane ha tatt mange val. Korleis skiljer filmen seg frå dei to bøkene? Kva er stroke frå bøkene, og kva er lagt til - og kvifor?
Ein annan variant er å skrive om humoren i Kurt-historiene. Korleis skaper bøkene og filmen humor?
Lykke til med fordjupningsoppgåva!
Åsmund, Sølvberget