Hva leter du etter?
Peter F. Strassegger

Peter F. Strasseggers Kapittel-tips

Peter F. Strassegger oppmodar deg til å lese Kristin Auestad Danielsen, til å oppsøke forfattarar du ser på Kapittel og ikkje minst til å vitje Jorddøgn-festivalen i slutten av september.

Strassegger er forfattar og programleiar på Kapittel. Han er dessutan festivalsjef for litteraturfestivalen Jorddøgn på Bryne.

Du forsvarer Kapittels ære på fotballbanen i Kapittel-oppgjeret mot Pelikanen forlag. Nå som Bryne FK kjempar om nedrykk frå Obos-ligaen og det tyske landslaget har slutta å vinne mesterskap, kjenner du på eit spesielt ansvar når du tek på deg Kapittel-drakta?

- Ikkje eigentleg. Dette fordi eg på ein måte heier på begge lag. Men det fine er at kultur-regionen Rogaland uansett vinn den dagen. Dessutan trur eg ikkje noko på at Bryne kjem til å rykka ned. Dei driv berre adrenalinsøkande risikosport ved å vake like over nedrykksstreken heile sesongen, eg trur det er ein bevisst strategi for å byggja opp motivasjon og moral til neste sesong. Og det tyske landslaget kom jo i finalen i EM i sommar! Dei tapte berre så vidt 2-1 mot dei engelske damene. Dessutan er eg frå Austerrike, og ikkje Tyskland, og dei vinn som regel aldri noko. Når Kapittel møter Pelikanen er det kanskje litt som når Noreg møter Austerrike?

Du skal intervjue Kristin Auestad Danielsen på Kapittel om boka Du er bonde. Du er og festivalsjef for litteraturfestivalen Jorddøgn på Bryne. Difor eit dobbelt spørsmål, som ein lærer på intervjukurs at ein ikkje skal stille, men likevel: Kvifor bør òg folk utanfor primærnæringane lese Du er bonde, og kva er dei viktigaste grunnane til å ta turen til Jorddøgn?

- Du er bonde er ei glimrande bok som bør lesast av både folk i bygdene og folk i byane, og dei som bur ein stad midt i mellom. Den handlar om to odelsjenter som veks opp på 90-talet, men som skil lag og utviklar seg i veldig ulike retningar. Kva utgjer eit menneske, og kva gjer at nokon endar opp sånn eller sånn?

Du må koma til Jorddøgn om du vil ha god lokal mat og eit vidsynt åndsliv, om du er interessert i naturvern og beredskap, i fest og ettertanke! Og du må i alle fall koma om du tenker som oss, at dei tinga heng saman. På Jæren kombinerer vi høgt og lågt, og me meiner at litteratur og landbruk handlar grunnleggande sett om dei same tinga – begge er naudsynte for eksistensen! [Jorddøgn går føre seg onsdag 28. september til sundag 2. oktober, les meir på jorddogn.no.]

Om stein og jord tek utgangspunkt i din eigen families historie frå den andre verdskrigen. Kva var det vanskelegaste i arbeidet med å skrive denne boka?

- Det har vore krevjande å skriva boka og gje den ut, men det vanskelegaste er likevel å forstå korleis nokon kan velja å støtta opp om fascismen, både før og etter krigen. Det er eit gamalt spørsmål, men får stadig fornya aktualitet.

Til slutt, har du eit festivaltips? Det kan vere kva som helst, enten ein programpost eller eit generelt råd til folk som skal på festival.

- Under Kapittel er Stavanger det største kulturelle senteret i Noreg. Eg anbefaler folk frå heile regionen om å koma til byen, å henga rundt på Sølvberget og på pubane, å snakka med ein forfattarar (dei fleste er ikkje verdsstjerner og likar nok godt å få litt merksemd og bli gjenkjend på open gate), og få med dykk føredraget til Andrej Kurkov frå Ukraina. Han har vore på Kapittel før, men no er det krig i Europa igjen.

Lån bøkene

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙