Hva leter du etter?
Heim av Hallgeir Opedal holdt foran Arneageren i Stavanger

Strake europavegen heim

Hallgeir Opedal har fortalt andres historier heile livet. I Heim fortel han si eiga.

Opedal kjem opphaveleg frå Odda (nja, sånn omtrent, saka vert utførleg presisert i boka), og ein dag byrjar han å gå frå Oslo og heimover til Odda. Han har budd i Oslo i mange år, men "heim" er framleis Odda, på eit vis.

Ein ting er å skulle gå til Mount Everest eller Afrika på langs, men Opedal sitt prosjekt er minst like skremmande. Uansett kor beautiful Noreg er, skal du vere utlending eller lokalpatriot for å la deg blende av dei landlege hovudfartsårene våre. Eg meiner, Sørlandsbanen? E6 frå Oslo oppover Gudbrandsdalen? (Og ja, E39 frå Kristiansand til Trondheim.)

Eller i dette tilfellet: Europavei 134 frå Oslo til Odda. Eg har køyrt denne strekka ein del gonger opp gjennom livet. Det finst ingen kilometer på denne kloten som kjennes lengre enn dei mellom Haukeligrend og Drammen. At Opedal faktisk har gått her dag etter dag uten å kjede livet av seg, er ein prestasjon.

"Vandringsessay" er ein rikt befolka sjanger. Grunnen til at denne boka ber, er Opedals penn. Europavegen har ikkje skjenka han mykje til forteljarskreppa, men som ein Oskeladd klarer han å gjere seg nytte av alt. Samtidig er Heim ein sjølvbiografi over korleis han hamna i journalistikken og i Oslo.

Les boka, og send ein tanke til Hallgeir Opedal neste gong Telemark lukkar seg kring deg aust for Haukeligrend. Makta han å komme seg gjennom det til fots, klarer du det i bil.

Og gå deg ein tur, gjerne ein lang! Ingenting får fart på tankane som det.

Lån Hallgeir Opedals bøker

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙