Hva leter du etter?
OMG av Ingelin Røssland

Nynorske bøker for ungdom

Går du på ungdomsskolen eller videregående, og er du på jakt etter ei bok på nynorsk? Her får du tips om kjekke bøker! Tekstene er basert på forleggernes/distributørenes omtaler.

"Hvor står de nynorske bøkene?" Det er et ofte stilt spørsmål vi får fra dere som går på ungdomsskolen og videregående. Da svarer vi dere at de står ikke på en egen plass, men sammen med bøker på bokmål - i en skjønn harmoni. Men vi hjelper dere så klart med tips og hvordan finne fram.

I tillegg til det har vi laget en liste over kjekke bøker til dere som kan gi et godt utgangspunkt for å finne noe som gir lyst til å lese. Alle bøkene på denne lista har vi hentet fra vår "u+"-samling, som er bøker vi mener passer spesielt godt for ungdomsskoleelever, og fra Skjønnlitteratursamlingen vår. En god del av bøkene som står på Skjønnlitteratur (for voksne) mener vi godt kan leses av mange av dere, selv om dere ikke er voksne.

Hjartespreng av Inge Johanne Sæterbakk

Om nokon hadde arrangert ein konkurranse i å vere 16 år, ville Inga komme på sisteplass. For sjølv om ho er flink i alle skolefaga, har fleire gode venner og er godt likt, får ho ikkje til det dei andre jentene i klassen får til. Nemleg å gå på festar, drikke seg full og vere med gutar. Ein måndag kjem bestevenninna hennar på skolen og fortel at ho har gjort det med ein gut. Da skjønner Inga at ho også må øve seg på å vere 16 år. Det er ikkje så lett når ho ikkje har talent, når ho ikkje anar kven ho kan stole på, og når ho eigentleg ikkje tør. Den einaste guten Inga vil vere med, er Nils. Ho vil sitte med han på skolebussen, bade med han i tjernet og sove ved sida av han på telttur. Men ho kan vel ikkje gjere det med han? Ho har jo kjent han heile livet. Roman for ungdomstrinnet.

Boka er på 189 sider.

Sting av Therese Garshol Syversen

16 år gamle Emma vaknar på sjukehus som einaste overlevande etter ei familietragedie. Ho har eit skotsår i magen, og det var faren som skaut. Emma må flytte til mormor, ute på landet. Naboguten Hannes vil gjerne bli kjend med Emma. Psykologen hennar seier at Emma må hugse kva som skjedde før ho kan kome vidare i livet sitt, men Emma vil ikkje hugse. Det handlar om vald, og om å finne lys i det mørke.

Boka er på 124 sider.

Sting av Therese Garshol Syversen

Eit anna blikk av Erlend Skjetne

Ein roman med handling frå eit flyktningmottak i Nord-Noreg. Her bur atten afghanske gutar. Anwar er opptatt av bøker og språk. Walid er ein opprørsk sjarmør og ein glimrande fotballspelar. Om vennskap, kvardag på eit flyktningmottak, og korleis det er å leve med ein så uviss framtid.

Boka er på 226 sider.

Eit anna blikk av Erlend Skjetne

Vinden og kattane av Rønnaug Kleiva

Johanna er 15 år og bur saman med mor og veslesøster. Det er Johanna som tar ansvar for dei alle saman. Mora drikk alt for mykje og bryr seg ikkje med å tenke på det endelause. Veslesøster er 7 år og hennar største ønske er å få ein eigen katt som ho kan passe på. Samstundes leitar Johanna etter nærleik hos gutar som kanskje ikkje maktar å gi henne det ho treng. Dette er ei forteljing om ei ung jente som blir vaksen altfor fort, men og om familieband, lojalitet og djup kjærleik.

Boka er på 171 sider.

Vinden og kattane av Rønnaug Kleiva

Svarttrasta syng om natta av Tone E. Solheim

Edith hatar alt og alle. Ho gøymer seg i hettegenserar, og i klasserommet blir det kviskra om ho. Aller helst skulle ho gjerne forsvinne fullt og heilt. Martha er ei jente som elskar Beatles, og som prøver å sjå det beste i alt og alle. Og ho saknar far sin. Når Edith og Martha begynner i same klasse på videregåande blir dei dratt mot kvarandre, sjølv om dei er ulike som natt og dag. Det viser seg at venskapen deira har mykje meir til felles enn ein gjerne skulle tru. Dette er ei historie om indre stormar og store sakn. Men det er òg ei kjærleikshistorie, ei historie om tillit og håp, og om å tore å vere seg sjølv, endå ein ikkje er som alle andre.

Boka er på 261 sider.

Svarttrosta syng om natta av Tone E. Solheim

Høgspenning livsfare av Helene Guåker

Lea går på vidaregåande og bur aleine på hybel. Ho har ingen vener, og mammaen hennar ligg sjuk i senga heime på garden. Lea gjer alt ho kan, men samme kva ho sier eller gjer står ikkje mamma opp. Lea blir nokon andre. Ho blir til Vilde, som er smart, morosam og kul. Vilde kan greie alt i hele verda: ho kan få seg vener, og ho kan få seg kjærast. Men plutseleg skjer det noko som gjer at Vilde sluttar å eksistere, og Lea klarer ikkje noko anna enn å vere Lea igjen. Dette er ei forteljing om psykisk sjukdom.

Boka er på 211 sider, og kan lånes i Allbok.

Høgspenning livsfare av Helene Guåker

Tre meter med kniv av Eili Harboe

Lykke, 15 år, er forelska i Simeon, som kan vere snill, men også slem. Ho ønskjer å bli sett av ei mor som kan vere morosam, men også fjern. Ho prøver å vere grei med fostersystera Lena, som av og til er helt stille. «Tre meter med kniv» handlar om å ha ulike roller, men heile tida vere på vakt, kjempe mot tårene, heile tida lengte og oppleve at kjenslene svir. Roman for ungdomstrinnet.

Boka er på 191 sider, og kan lånes i Allbok.

Tre meter med kniv av Eili Harboe

Ser du dette? av Sigrid Agnethe Hansen

15 år gamle Anna har flytta til ein ny stad. Ho har reist frå eit rykte. Ho startar på nytt med ny skule og nye venner. Men eit rykte kan reise fortare enn ein bil kan køyre. Eit rykte bryr seg verken om kilometer, fart eller reiserute. Eit rykte vil berre fort fram. Og det vil nå så mange som mogleg. Eit nakenbilete av Anna er vorte spreidd på nettet. Ho har gitt hjartet sitt til ein som har trakka det i tusen knas. Etter dette er det ikkje lett og tore å stole på nokon igjen. Forteljing for ungdomstrinnet.

Boka er på 140 sider, og kan lånes i Allbok.

Ser du dette? av Sigrid Agnethe Hansen

Sinne av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

Synne er 15 år og har ADHD. Inni ho boblar og kokar det. Ofte skjeller ho ut lærarar og elevar, og må mange gonger på kontoret til rådgivaren på skulen. Rådgivaren vil at ho skal begynne med medisin igjen. Synne har heldigvis ei bestevenninne, Torunn. Det har begynt to ny elevar og dei skapar problem. Den eine er Kine, som er ein ufordrageleg influensar med mange følgarar på Instagram. Den andre er Johan, som er mystisk og pen, og han må ha O'boy og brødskiver med jordbærsyltetøy kvar dag. Dette er ei forteljing om ADHD, forelsking og vennskap. Forteljing for ungdomstrinnet.

Boka er på 202 sider, og kan lånes i Allbok.

Sinne av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

Draumar betyr ingenting av Ane Barmen

Louise kjem heim for sommaren. Det ho møter er ein sjukeheimsjobb, vener ho ikkje lenger har noko til felles med, og ei vond kjensle i hjartet. Tormod døydde for eitt år sidan, og bursdagskorta han teikna heng framleis på veggen heime. Dette er ein bok om sorg, systerskap, og å finne ut kven som kan kjøpe øl. Forteljing for ungdomstrinnet.

Boka er på 191 sider, og kan lånes i Allbok.

Draumar betyr ingenting av Ane Barmen

OMG av Ingelin Røssland

Maria lever livet sitt som ein einaste stor fest, men når ho blir sendt heim i ein politibil tar festen brått slutt. Mora hennar orkar ikkje meir av korleis ho oppfører seg, og ho får mobilforbod og blir sendt til mormor. Maria har ein kjærast i byen, men på sin nye bustad blir ho oppteken av prestesonen Johannes. No er det duka for eit svart kjærleiksdrama med sterke kjensler, knyttnevar og blod. Utgitt i samarbeid med Leser søker bok. Forteljing for ungdomstrinnet.

Boka er på 113 sider, og kan lånes i Allbok.

OMG av Ingelin Røssland

Djevelen vil alltid finne deg av Lars Mæhle

Ein mystisk familie, kledd i gamaldagse klede, flyttar inn i nabohuset til Onu. Inne i ei grotte finn Onu og klassekameratane Alex og Irmelin svarteboka til Djevelen. I boka blir det fortalt om det svarte fosteret. Det nærmar seg Valpurgisnatt, natta då djevelen skal fødast på ny. Den nye og merkelege nabojenta Regina har noko med dette å gjere. Dessutan er dei usikre på kven i bygda som er til å stole på. Dette er ein samfunnskritisk og gysande grøssar der lesaren sjølv må vere detektiv og finne djevelen. Forteljing for ungdomstrinnet.

Boka er på 197 sider, og kan lånes i Allbok.

Djevelen vil alltid finne deg av Lars Mæhle

Ungen av Aina Basso

I Kristiania i 1899 kjem det eit valdsamt krakk i aksje- og eigedomsmarknaden, og Anna mistar husposten sin når grosseraren ho tente for går konkurs. Ho får ta inn hos Pauline, som ho tidlegare jobba saman med på fabrikken på Grønland. No er dei begge arbeidslause, og dei bestemmer seg for å ta inn pleiebarn mot betaling. Men eit liv i fattigdom gjer at ein set seg sjølv først, og spedborna hamnar ofte i andre rekke, noko som får alvorlege følgjer. Men mellom ungane er det éi som Anna knyter eit spesielt band med; Vesla minner ho om det ho hadde før ho mista alt. Forteljinga er basert på ekte hendingar og personar.

Boka er på 267 sider, og kan lånes i Allbok.

Ungen av Aina Basso

Isla Bonita av Terje Torkildsen

16 år gamle Carlo reiser til Syden med den rare kunstnarmora si. Han gleder seg til ei roleg ferieveke i varmen, men slik blir det ikkje. Øya Isla Bonita viser seg å vere full av skumle typar og store mysterium. Og så møter han Julieta, den dansande jenta på kaien. Av og til kan det vere livsfarleg å bli forelska. Forteljing for ungdomstrinnet.

Boka er på 191 sider, og kan lånes i Allbok.

Eg får aldri sjå verda igjen av Ahmet Altan

I september 2016 blir både Ahmet Altan og broren Mehmet arresterte i Erdogans angrep på den frie pressa etter det mislykka kuppforsøket sommaren 2016. Altan skal ha komme med grunnlovsstridige kommentarar, mellom anna gitt ei «underbevisst melding» til kuppmakarane då han kritiserte presidenten i eit prateshow på TV. Våren 2018 blir han dømd til fengsel på livstid. Han skildrar augneblinken då politiet kom og rettssaka, dommen og livet i fengsel. Eg får aldri sjå verda igjen er ei urovekkjande, men også poetisk og vakker bok, om Tyrkias veg mot diktaturet, om kampen for menneskeverd - og om litteraturen og fantasiens kraft.

Boka er på 178 sider, og kan lånes i Allbok.

Eg får aldri sjå verda igjen av Ahmet Altan

Avlyst på grunn av sorg av Magnhild Bruheim

Eline blir plutseleg dumpa av kjærasten Jonas, heilt uventa, og blir kasta inn i sitt livs fyrste kjærleikssorg. Men det er visst berre byrjinga, og snart opplever ho nye nederlag. Ho møter Tomas, som bor åleine i skjul i skogen. Ho veit verken historia hans eller om dei to eigentleg har like stor rett til å sørgje. Forteljing for mellom-/ungdomstrinnet.

Boka er på 151 sider, og kan lånes i Allbok.

Puslingar av Atle Berge

27. mars 1980 kantra bustadplattforma Alexander L. Kielland i Nordsjøen, og 123 oljearbeidarar døydde. Tenåringsjenta Marita og familien hennar sit heime og ventar på å få vite kva som har skjedd med faren Jonny. Marita drøymer om å bli oljeingeniør, og boka følgjer livet hennar gjennom ungdomstid med forelsking og opprør, prega av den dramatiske ulykka. Ho vil ha svar på kva som skjedde med Kielland-plattforma slik at nokon skal stillast til ansvar.

Boka er på 249 sider, og kan lånes i Allbok.

Mareritt av Linn T. Sunne

Mattias bråvaknar av skriket til ei jente. Han har drøymt om røyk og flammer. Det både lukta og høyrdest ut som ekte brann. Det er som om skrekken til jenta set seg i Mattias. Draumane vil ikkje gi seg. Mattias undrar på kven jenta som skrik er, og kva ho vil. Serien «Grøss og gru» utgis i samarbeid med Leser søker bok. Grøss for mellom-/ungdomstrinnet.

Boka er på 88 sider, og kan lånes i Allbok.

Mareritt av Linn T. Sunne

Fem skuggar av Lars Petter Sveen

Dette er ein frittståande oppfølgjar til «Fem stjerner», der Lars Petter Sveen fortel historia om fem ungdomar som flyktar frå Somalia til Europa. No har Aisha, Said, Isir, Aaliyah og Kadar kryssa Middelhavet. Ferda går vidare nordover, og dei leitar etter ein stad der dei kan byrje eit nytt liv. Samstundes er dei fem prega av hendingar og traume frå liva dei forlét i Somalia. Denne romanen reiser spørsmål om korleis ein kan leva med minna om sin eiga fortid, men òg korleis ein kan leva på ein ny stad, der berre ein sjølv kjenner historia ein ber med seg.

Boka er på 251 sider, og kan lånes i Allbok.

Fem skuggar av Lars Petter Sveen

Smadra av Brynjulf Jung Tjønn

Faren til Oda triller sykkelen hennar i garasjen. Oda skal ikkje bruke han meir. Ho har så dårleg balanse, så dette var absolutt siste gong Oda bruker sykkelen. Det er historia Oda fortel til alle dei som spør. Men både ho og mora veit at sanninga er noko heilt anna. At sanninga er ei historie Oda ikkje klarar å fortelje til nokon. Ikkje til far. Ikkje til læraren. Ikkje til bestevenen, Milad, sjølv om han har opplevd mykje verre ting før han kom til bygda der Oda bur. Dette er ei forteljing som gjer vondt, men som handlar om å ville gjere godt. Forteljing for mellom-/ungdomstrinnet.

Boka er på 111 sider, og kan lånes i Allbok.

Smadra av Brynjulf Jung Tjønn

Steinauge av Oda Malmin

Ingeborg og Randi er syskenbarn og har vore vener sidan dei var små. Men valde dei eigentleg kvarandre? Ingen av dei fekk akkurat det livet dei såg for seg. Ingeborg skulle ikkje bli bonde, men blei det. Randi skulle aldri flytte heim etter at ho reiste, men gjorde det. Så blir Randi alvorleg sjuk. Dei blir begge tvinga til å vende blikket bakover, og med eitt er forholdet mellom dei blottstilt og endevendt. «Steinauge» er ein roman om å vera avhengig av andre, om korleis det både kan knyte oss saman og øydelegga oss. Dette er Oda Malmins debutbok.

Boka er på 186 sider, og kan lånes i Allbok.

Steinauge av Oda Malmin

Svartstilla av Susanne Skogstad

Når eit gamalt menneske døyr, sørgjar man naturlegvis. Men kva skjer når den som døyr, faktisk er kjærasten din? Ei aldrande kvinne sit i huset der ho og mannen levde liva sine saman, oppdrog barna og vart gamle i lag. No er det berre ho att. Da barna kjem og vil rydde ut, set ho seg på bakbeina. Korleis skal ho gje slepp på det lille som er att ettar han ho elska? Vi følgjar den eldre kvinnas tankestraum, hennar observasjon av følelsar og tankar hos seg sjølv og familien, i denne romanen om sorg og forsoning. Dette er Susanne Skogstads debutbok.

Boka er på 154 sider.

Svartstilla av Susanne Skogstad
Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙